Gjennom heile året er det mogeleg å be om enkle vigsler i alle kyrkjene våre, men ein må tinge litt i god tid og syte for at prøvingsattest ligg føre.
Om de vil ha ein dato å jobbe mot så har vi altså ein dag klar for dykk:
På Valentinsdagen laurdag 14. februar vil vi, som i 2024, legge opp til Drop-in vigsler i Førde kyrkje for alle som ynskjer.
Ei enkel, men vakker seremoni der vi tek ansvar for alt det som skjer i kyrkja, og ei enkel servering etterpå.
Velkomen!
Drop-in vigsle i Førde kyrkje på Valentinsdagen
Vil de gifte dykk i kyrkja? Vi vil gjerne sende ut ei klar melding til alle de som lurer på om de vil, orker eller har råd til å gifte dykk: vi heier på alle som tør å ta ein enkel variant. Å gifte seg i ei kyrkjeleg seremoni er eigentleg ingen stor kostnad. Vi har erfaring med vigsler og hjelper til med gode råd. Det treng ikkje vere på ein laurdag om sommaren. Alle par er velkomne.
Publisert:
