Førde kyrkje vil bli stengd for gravferder frå torsdag 23. mai til og med fredag 14. juni i samband med installasjon av ny varmesentral og nye omnar.
Gravferder/bisetjingar frå Førde kyrkje vil i dette tidsrommet bli flytta til 
Naustdal kyrkje.
Andre aktivitetar på dagtid i vekedagane vert flytta eller utsett, medan gudstenester og vigslar i helgene går som planlagt. 
Dette til orientering – spørsmål kan rettast til driftsleiar Ingar Vagstad eller kyrkjeverje Sissel Vartdal.
 
                    