Ein nordisk julekonsert med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Fredag 2. desember kl.19.00 i Førde kyrkje. Dette blir kanskje ein av årets vakraste julekonsertar! Med klangar frå den nordiske tradisjonen, frå salmar og julesongar, nyckelharpa, hardingfele, orgel og tonar som varmar deg i mørketida.

Ein nordisk julekonsert med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Folkartisten Sigrid Moldestad inviterer med seg den svenske duoen HazeliusHedin i tillegg til Sigbjørn Apeland på sin julekonsert “Vintersong” i år. Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner og er kjende for sine inderlige songar og sitt svingande strengbaserte spel. I tillegg til duo og eigne soloprosjekt i heimlandet medvirka bl.a Esbjørn Hazelius i den skandinaviske suksessen “Jul i Folkton” på plate og konsert i fleire år. Duoen har turnert store delar av Norden, samarbeidd med Tomas Ledin og vore i Norge fleire gonger. Seinast på Førdefestivalen i sommar. Saman med Sigrid Moldestad og hennar mangeårige samarbeidsmusikar Sigbjørn Apeland, blir det garantert stemningsfulle kveldar med klare nordiske julefargar og personlige tolkningar av songar som passar mørketida til.

Julekonserten “Vintersong” vart starta av Sigrid Moldestad i 2014 og har ei unik besetning kvart år.

  • Sigrid Moldestad ​(song/hardingfele/fele)
  • Esbjørn Hazelius ​(cittern/gitar/fele/song)
  • Johan Hedin ​( sopran/oktav nyckelharpa/cittern/ song)

Billettsal på nett eller i døra.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"