I samarbeid med Friskliv- og frivilligsenteret og Sunnfjord kommune arrangerer Førde kyrkje julefeiring på Førde kyrkjetun julafta frå kl 17.00-20.00.
Tilbod samlar menneske frå ulike nasjonar og i ulike aldrar til fellesskap julekvelden. Det vert servert tradisjonell norsk julemat, og på programmet står juletregang, gåver til dei minste og god tid til prat kring borda.
For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengig av frivillige som er med som vertsskap, og fleire og fleire ser verdien av å gjere nokon saman med andre denne kvelden.
Velkommen som gjest og som vertsskap!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.