KRAFT - prosjekt Ung

Er du ferdig med konfirmasjonstida? Bli med i Kraft! Dette er den nye satsinga i Førde kyrkje for deg som er ung eller ung vaksen. Følg kontoen vår på Instagram: @kraft.ung og på Kirkesnappen, for info om det som skjer. 

KRAFT - prosjekt Ung

Tilboda i Kraft
 
Kraft Leiartrening – Her skal vi bygge ein gjeng der vi blir trygge på kvarandre og har det gøy. Vi samlast kvar torsdag kl 19-21 for å dele måltid, gjere noko hyggeleg og ha leiartrening. Vi vil og reflektere rundt kva det vil seie å tru på Jesus i 2024. Her kobler vi oss på det nasjonale nettverket Followme, link: https://nmsu.no/followme/  
Du får også tilbod om å bli med som leiar på konfirmantleir i mars. I juni drar vi saman til Followme-konferansen: https://nmsu.no/followme/konferanse/
 
Kraft Kreativ – Annankvar onsdag etter skuletid. Dette er ei kunstgruppe med fokus på skaparglede. Vi begynner med snacks, så arbeider vi med teikning og maling. Du treng ingen forkunnskap og får individuell oppfølging. 
 
Kraft Samtaleteneste – Her får du gratis samtale og/eller forbønn etter avtale. Det kan handle om små og store ting i livet ditt, eller om tru og tvil. Sjå kontaktinfo lenger nede på sida. 
 
Bære-Kraft – Med fokus på vern om skaparverket testar vi ut sying, reparasjon, redesign og slow fashion.  
 
Kraft Gospel – Sang, suppe og sosialt for unge vaksne med planlagt oppstart i 2025. 
 
Kraft Friluft - Vi kosar oss på tur til fots og på ski. Planlagt oppstart i 2025.  
 
Kraft Påfyll – Her legg vi til rette for å utforske kristen tru gjennom småfellesskap, lovsangskveldar og felles avreise til gudstenester. 
 


Vi vil høyre frå deg!
Kraft er eit nystarta prosjekt som skal la seg forme av deg som er ung. Ta gjerne kontakt om du har ein ide eller eit ønskje, kanskje er det ei av gruppe i Kraft du har lyst å bli med i? 
 
Kontakt  
Ungdomsprest Fredrik Bråttvik kan du kontakte med spørsmål om Followme, eller med ønske om samtale eller bønn. 
Mail: fredrik.brattvik@sunnfjordkyrkja.no 
Tlf:  47 88 58 50 
  
Johanne Thingnes Leira er prosjektleiar for Kraft. Du kan kontakte Johanne dersom du ønsker samtale, bønn, eller om du vil melde deg på eit av tilboda i Kraft. 
Mail: johanne.leira@sunnfjordkyrkja.no.
Tlf: 45 88 65 47
 
Instagram: kraft.ung
Snap: kirkesnappen 
 
Frivilleg 
Kan du tenke deg å bli med som frivilleg i Kraft? Send ein mail til Johanne.leira@sunnfjordkyrkja.no. 

Givarteneste
Vi er takksam for alle bidrag inn i arbeidet. Dersom du ønskjer å bli fast gjevar finn du informasjon om det på nettsida vår (kjem snart). 
Du kan også gje ein eingangssum på Vipps til Førde kyrkje/sokn-offer&gåve, med kategori KRAFT, eller til bankkonto 3705 15 33896 med "KRAFT" i meldingsfeltet.

 

Prosjektet er støtta av Tilleggsgåvefondet.  

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"