Myldrekyrkje på Sande

Myldrekyrkje med myldregudsteneste er eit tilbod som har vore prøvd ut i nokre gudstenester i Sande.  Erfaringane har mest vore gode.  Ei myldregudsteneste er for heile storfamilien og alt som skjer skal vere for alle – på tvers av generasjonar. Filosofien er at om barna har det kjekt har også dei andre det kjekt.  Og slik har det fungert.  I haust vart myldregudsteneste også prøvd ut i ei gudsteneste i Viksdalen og ei i Bygstad.  Det vart kjekt!

Publisert:

Myldrekyrkje på Sande

Det har vore litt prøving og feiling – men det ser no ut som gudstenesta er i ferd med å finne si form – skjønt det er jo litt av poenget:  Den skal vere litt forskjellig frå gong til gong.

Ei myldregudsteneste har oftast ein aktivitet som alle/mange kan vere med på – og denne aktiviteten er knytt til tema for dagens gudsteneste.  Sist var tema at Jesus ber oss om å bære frukt som varer.  Då laga vi til eit frukt-tre i kyrkja som alle fekk vere med å pynte.  Det vart eit merkeleg tre!  Med mange slag frukter. Til og med potet og gulrot og pærer (- deriblant ei lyspære!?!)  Så snakka presten om at vi også skal bære frukt – frukt som varer.

Myldregudsteneste vil vi arbeide meir med i kyrkjelyden vår – det er kjekt å feire gudsteneste i lag også på ein ny måte – men framleis med meining og innhald. Kom og bli med på myldregudsteneste!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"