Visjon:
- Borna skal leve og vekse i trua som dei vart døypte til.
Mål:
- Borna og dei unge skal oppleve å høyre til i kyrkja. Dei skal kunne seie: Naustdal/Vevring er vår kyrkje.
- Gje innføring, kunnskap og kjennskap til den kristne trua så barna kan verte rotfesta i trua.
- bli sett og kjenne seg elska og verdsett av Gud.
- få oppleve, erfare og delta i kristen praksis som song, bøn, nattverd, gudsteneste og diakoni.
- få ei forståing av at kyrkja ikkje berre er lokal, men også global.
- erfare at kyrkja er ein stad for fellesskap med omtanke og ansvar for andre.
- bli utfordra til å gjere etiske val, og til å reflektere rundt vala dei gjer.
- bli rusta til å møte livet. Dei skal oppleve at det er rom for å snakke om det som er vanskeleg og stille spørsmål ved trua.
- skal oppleve at det er plass for livsglede og livsutfalding.
- skal oppleve kyrkja som ein stad der det er rom for å vere stille.
Arrangement for born og unge i Naustdal sokn hausten 2025
Sjå kalenderen for meir informasjon
- Tysdag 23. september kl. 16.30: Samling for 4-åringar på kyrkjelydshuset. Det blir middag, song, leik, forteljing og formingsaktivitet
- Søndag 28. september kl. 11.00: Familiegudsteneste med utdeling av bok til 4 åringar
- Mandag 13. oktober etter skuletid: Samling for 6 åringar på kyrkjelydshuset
- Søndag 19. oktober kl. 14.00: Familiegudsteneste med utdeling av bok til 6-åringar
- 28. oktober: Barnekoret har konsert med Lisa Børud i Førdehuset
- Onsdag 5 november etter skuletid: Samling for 10-åringar på kyrkjelydshuset
- Onsdag 12. november etter skuletid: Samling for 10- åringar på kyrkjelydshuset
- Søndag 16. november kl. 11.00: Familiegudsteneste med utdeling av bibelbok til 10-åringar
- Babysong ca. annakvar onsdag kl.11.30 – 12.30 på kyrkjelydshuset (oppstart 20. august)
- Barnekor for 2. klasse og oppover: Øving onsdagar etter skulen på kyrkjelydshuset(ca. 13.15- 13.50) (oppstart 27. august)
- Konfirmantsamlingar (kontakt kyrkjekontoret for info)