I strålande sol og blå himmel vart det kyrkjekaffe utanfor Lomen kyrkje etter messa på sundag.
Då hadde vi hatt ei fin stund i kyrkja med utdeling av 6-årsbok og masse fin song og fine ord, godt leia av sokneprest Berit Kristin og Caroline Synvis på gitar.
Trusopplærar Geir og konfirmantane Thelma, Linn-Beate og Ida var og med og bidro til at dette blei ei fin gudsteneste saman med klokkar Magnhild og kyrkjetenar Safet.
Gunnhild og Marit hadde diska opp med kaker, kaffe og brus frå soknerådet.
Dei av 6-åringane som var forhindra av å koma i messa på sundag kan berre koma å få boka på kyrkjekontoret.