Hvilken strålande dag vi fekk oppleve i Vestre Slidre 17.mai!
Også kyrkjene strålte på nasjonaldagen. Etter dugnader tidlegare i mai, var alle gravplassane ryddige og velstelte. Ved Slidredomen og Røn kyrkje var det gudsteneste – og derfor ekstra flott pynta. Stor takk til sokneråda som pynta så fint og stilte som kyrkjevertar!
Då gudstenesten i Slidredomen og markeringa ved bautaen var ferdig, var det eit stort tog med festkledte og glade folk som gjekk opp til sjukeheimen. Etter musikk og tale der, gjekk toget ned att og avslutta på skuleplassen.
Ny gudsteneste sto for tur i Røn kyrkje kl.11.30, då den var ferdig gjekk det tog ned til Røn samfunnshus.
Ei vakrare ramme for 17.mai kan ein ikkje ha; strålande sol, fantastisk landskap, praktfulle og festpynta kyrkjer – vi er utruleg heldige!
Takk for ein flott og minnerik dag alle saman!