Tilskot til kyrkjeleg undervisning og læring, diakoni og kyrkjemusikk i Bjørgvin 2026
Frå og med 2026 gjeld ny tilskotsordning for Den norske kyrkja. Denne vart vedteken av Kyrkjemøtet i 2024 (KM 13/24), og Kyrkjerådet vedtok i 2025 nye retningslinjer for tilskotsforvaltning i KR 41/25.
Målet med tilskotet er å realisera Kyrkjemøtets strategi for Den norske kyrkja og dei strategiske planane i bispedømerådet og gje gode rammer for arbeidet til soknet innanfor undervisning og diakoni, og for kyrkjemusikk i domkyrkjene. Dette skal skje ved at kyrkjelydane skaper gode aktivitetar for mottakarar av og deltakarar i aktivitetane, utor høvesvis Plan for diakoni, Plan for kyrkjeleg undervisning og læring, og Plan for kyrkjemusikk.
Tilskotet skal brukast etter formålet som ligg i dei over nemnde planane.
For tilskot til kyrkjeleg undervisning og læring skal om lag 80% av tilskotet brukast til arbeid for barn og unge 0-18 år.
Tilskot til diakoni føreset kommunal - eller anna ekstern delfinansiering (normalt 50%).
Tilskot for 2026 blir utbetalt på bakgrunn av administrativt registrerte aktivitetar i “Kyrkja vår”.
For tilskotet som skal utbetalast i 2027 gjeld følgjande: For at ein skal få utbetalt tilskot, må aktivitetar til dei ulike tilskotsformåla vera registrerte i planverktøyet «Kyrkja vår» før tilskotet skal utbetalast.
- Fellesrådet har ansvar for at planlagde aktivitetar er registrerte i Kyrkja vår innan 15. november.
- Soknerådet må vedta dei planlagde aktivitetane. Vedtaket har ingen absolutt frist, men fellesrådet får ikkje utbetalt tilskot før vedtaket i sokneråda er gjort. Det blir tilrådd at soknerådet behandlar saka i tidsrommet mellom 15. november og 31. desember, i god tid før tilskotet blir utbetalt.
- Når vedtaket er gjort, blir dette stadfesta i Kyrkja vår.
Tildelt tilskot
Årets tilskotsbeløp er berekna ut frå tildelinga i fjor, tillagt 3,49 %, som svarer til auken i tildelinga frå departementet. Frå dette beløpet har bispedømerådet høve å trekkja inntil 2 % til strategiske satsingar og 1 % til fagsamlingar.
Bjørgvin bispedømeråd har vedteke at det for 2026 skal gå 2% til strategiske satsingar og 1% til fagsamlingar.
I samsvar med dei nye retningslinjene vil dei fellesråda som har vigsla kateketar og diakonar, få noko av løna utbetalt frå bispedømerådet og noko frå Kyrkjerådet. Fordelinga går fram av oversynet over utbetalingar (sjå lenke nedst på denne sida).
Beløpet som er utbetalt frå Kyrkjerådet er trekt frå tilskotsutbetalinga frå i bispedømerådet. I åra framover vil beløpa justerast slik at fellesråd som tilset vigsla i desse stillingane vil få litt meir midlar, og fellesråd som ikkje tilset vigsla i desse stillingane vil få noko mindre midlar.
Oversikt over utbetalte tilskotsbeløp til kvar mottakar, til kva formål det er utbetalt tilskot og eventuelle fråtrekk som er gjort, vil bli lagt som vedlegg til på bispedømet si nettside
Rapportering
Frå og med rekneskapsåret 2026 skal det rapporterast på aktivitet for desse tilskota. Tilskotsmottakar må registrera gjennomførte aktivitetar i «Kyrkja vår» innan 31.januar 2027.
Dette gjeld alle tilskotsmidla omfatta i dette brevet.
Minimum annakvart år kallar bispedømerådet fellesrådet inn til samtale om aktivitetar skapt av tilskotet. Hovudfokus for møtet er korleis arbeidet som blir gjennomført med tilskotsmidlar kan vidareutviklast.
Bispedømmrådet kan kvart år mellom 1. juni og 1. oktober be fellesråd om rekneskapsrapportering for førre år. Det betyr at fellesråda framleis må føra tilskota og bruken av dei med eigne formål/prosjekt/ansvar e.l. for å kunna rapportera på dei ved behov.
Unytta midlar / mindreforbruk
Dersom dei akkumulerte ubrukte midlane overstig 50 % av tilskota i år, må fellesrådet melda frå til bispedømerådet så snart som mogleg. Det overskytande vil trekkjast frå neste års tilskot.
Fellesrådet må årleg setja av eventuelle ubrukte tilskotsmidlar i bunde fond.
Storleiken på akkumulerte ubrukte midlar vil også vera ein naturleg del av samtalen fellesrådet har med bispedømerådet om bruken av midlar.
Kontrolltilgang og moglege sanksjonar
Dersom bispedømerådet vurderer at fellesrådet ikkje har tilstrekkeleg aktivitet ut frå tilskotet, skal bispedømerådet gi fellesrådet skriftleg tilbakemelding om dette. Etter to år med skriftleg tilbakemelding kan tilskotet det etterfølgjande året reduserast etter vedtak i bispedømerådet.
For meir informasjon om ny tilskotsordning, rapportering og ny plan for kyrkjeleg undervisning og læring, les meir i ressursbanken (lenke nedst på sida).