5. Ansvarsfordeling kyrkjeverje, prost og LRS-prest

Kyrkjeverje og prost har nøkkelfunksjonar i den kyrkjelege beredskapen. LRS-presten er i første rekke ein støttefunksjon for politimeisteren – men har samtidig mandat som i ein akuttfase er samanfallande med biskopen sitt mandat når det gjeld å kalle ut kyrkjeleg personell. Derfor er det avgjerande at prost, kyrkjeverje og LRS-prest spelar på lag og har eit avklart forhold til kvarandre. Rutinar for å sette krisestab må utarbeidast lokalt – ut frå lokale forhold.

Det er betre at kriseleiinga vert samankalla ein gong for mykje enn ein gong for lite. Ved «mindre alvorlege hendingar» kan kriseleiinga kan ha eit teamsmøte og avklare handtering og ansvar der og då - med avtale om eit oppfølgande møte seinare. Det vil likevel kunne gi god trening.

Andre tilsette kan kallast inn etter behov og i forhold til kva som er relevant i situasjonen. (Dagleg leiar i soknet, diakon, kateket, kyrkjetenar, leiar i fellesrådet osv.)

Prost og LRS-prest har hovudansvar for å disponere og kalle ut prestar og diakonar for å sikre nødvendig mannskap både til handtering av den alvorlege hendinga. Medan prost og kyrkjeverje har felles ansvar for å sikre dagleg drift og gjere prioriteringar i samband med gudstenester, gravferder, soknebod og andre tenester i prostiet.

Prost og kyrkjeverje har kvar for seg og saman ansvar for at kyrkjeleg tilsette får opplæring og vert førebudde på handtering av alvorlege hendingar gjennom kurs og øvingar. Dei har også kvar for seg og saman ansvar for at tilsette får nødvendig oppfølging undervegs i krisearbeidet og i etterkant, når krisa er over.

LRS-presten er biskopen sin representant og kyrkjelig fagressurs inn i politimeisteren sin stab ved alvorlege hendingar i politidistriktet. (Møre og Romsdal fylke). LRS-presten møter ved Politiets operasjonssentral i Ålesund etter utkalling frå politiet. Dernest er også LRS-presten eit bindeledd mellom DnK og politiet undervegs i krisearbeidet. Det skal vere lett for prostar og kyrkjeverjer å komme i kontakt med LRS-prest i samband med ei alvorleg hending i prostiet.

Det er utarbeida samarbeidsavtale mellom fellesråda og biskopen som gjev prost og LRS-prest mynde til å kalle ut personell i begge arbeidsgjevarlinene i ein akuttsituasjon der det er behov for bemanning av mottakssentra for pårørande eller liknande tiltak. Jamfør vedlegg til denne planen.

 

 

Kven gjer kva – ved ei alvorleg hending

 

Biskop, stifstdirektør

 

Set krisestab ved bispekontoret ved alvorlege hendingar i Møre bispedøme.

 

Biskopen deltek i beredskapsrådet til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og har tett dialog med LRS-prest og politiet.

 

Prost

(sokneprest) (kyrkjeverje)

 

Set krisestab i den lokale kyrkja ved alvorlege hendingar i ei kommune/prosti. På vegne av prosten kan kyrkjeverje eller sokneprest selle krisestab.

 

Har dialog med kommunalt kriseteam.

 

LRS-prest

 

Deltek i Politiet sin krisestab som DnK sin representant. Involverer tilsette i lokalkyrkja og er bindeledd mellom politiet og DnK.

 

Kallar ut kyrkjeleg personell til mottakssentra for pårørande og skadde1

 

Prost og kyrkjeverje

 

Sikrar kyrkjeleg bemanning til dagleg drift (gudstenester og andre kyrkjelege tenester)

 

Føl opp tilsette før, under og etter krisa.

 

Kantor, diakon, kateket, kyrkjetenar, med fleire.

 

Deltek i lokal krisestab etter behov og medverkar i handtering av den alvorlege hendinga med sine ulike kompetansar.

  1) Etter fullmakt frå biskop og kyrkjeverje, avklart i eigen avtale  
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"