Vi er i midten av mars. Kvar dag klatrar sola litt høgare på himmelen og vi byrjar sjå dei første teikn på vår. Fuglane syng og har tilsynelatande ikkje fått med seg at ein ikkje bør vere i flokk i desse tider. Mange sit no inne, kvar for seg. Einsemd og isolasjon kan tære på humør og livsglede - vi er ikkje vane med å leve så avgrensa. I desse dagar blir det ekstra viktig med ein ekstra telefon som syner omtanke.
Kyrkjeåret har også sin rytme. Vi går mot slutten av fastetida. Bibeltekstane er prega av kamp, forsaking og førebuing, våre og Jesus sine på veg mot krossen som står der som ei stadig påminning til oss alle om at livet ikkje alltid går dit vi vil. På sitt merkelege vis aktualisert gjennom alle dei inntrykk vi får gjennom media no om dagen der inntrykket som festar seg fort blir: "Det kan alltid bli verre".
I dette vil eg dele ei bøn frå Trygve Skau:
"Gud i himmelen - noen dager kjennes det som om himmelen er nærmere jorden enn den vanligvis pleier. Fint om du lar dette bli en slik dag. Amen."
Sokneprest Frode Skeide
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.