Liturgi
Kyrkjemøtet har bede alle kyrkjelydar revidere liturgien i gudstenestene etter nye retningslinjer. Soknerådet har difor gått igjennom og godkjent ein liturgi-tekst og liturgisk musikk. Det vert ein del endringar frå det som har vorte brukt dei seinare år. Liturgiforslaget skal leggast fram for soknemøtet til uttale, før endeleg vedtak i soknerådet og vidare til prost og biskop for godkjenning. I møtet går vi gjennom framlegget til revidert liturgi punkt for punkt. (Sjå vedlegga nedanfor.)
Årsmøtesaker, solosong og litt servering
Det blir også vanleg årsmøte med framlegging av årsmelding og årsrekneskap frå 2020. (Sjå vedlegga) Og det blir song av Bertine Sulebakk, deling av positive saker og servering innanfor FHI sine råd for servering.
Litt meir om liturgi og liturgisk musikk
Det ligg no to framlegg til liturgitekstar : ei grunnordning for hovudgudstenesta, som vil bli dei fleste gudstenestene, og ei for familiegudsteneste/løvegjeng-gudsteneste. Søndagsåpent-liturgien vert i hovudsak ikkje endra. (Sjå vedlegga nedanfor)
Når det gjeld musikken vert det berre endring av hovudgudstenesta og delar av familiegudstenesta. Her er framlegget almenn serie 2. Viss du vil høyre denne musikken finn du lenker til dette her.
- Med band:
https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/kirkemusikk/liturgisk-musikk-og-salmesong/
Trykk du på linken og skrollar du litt nedover så finn du lydklipp på Kyrie, Gloria, Sanctus og Agnus dei i serie 2.
- Med song og piano:
Påmelding
Det gjer det enklare for arrangør om du melder deg på både med tanke på tilviste plassar, servering og registrering for smittevern. Meld deg på her eller ring 4001691 mellom 10 og 14 på kvardagar. Men du kan også kome utan å vere påmeldt