Velkommen til stiftsdagar 14. - 16. september i Geiranger

Møre bispedøme har gleda av å invitere alle tilsette i dei kyrkjelege fellesråda og alle tilsette i Møre bispedømeråd til Stiftsdagar i Geiranger 14. - 16. september 2021.

Velkommen til stiftsdagar 14. - 16. september i Geiranger

Oppdatert program stiftsdagar i Geiranger 14. - 16. september 2021

Deltakarliste - stiftsdagar i Geiranger

Morgonbøn onsdag 15. september

Salmar til stiftsdagar Geiranger

Alternative turar under stiftsdagane - september 2021


Tema for årets samling er Kyrkje på nye måtar, konkretisert gjennom undertema «organisasjon, kommunikasjon og praksis» Gjennom ulike innsteg vil vi setje fokus og har mykje på hjarte.

Mellom innleiarane er Ingrid Vad Nilsen, Henrik Syse, Torill Standal Eliassen og Knut Tveitereid. Mellom innslaga er «Maria og organisten» gospelkonsert med Maria Holand Tøsse og Leif Ingvald Skaug.

 

Stiftsdagane er storsamlinga for alle kyrkjeleg tilsette i Møre Bispedømme. Då mønstrar vi! Biskopen stiller med «sine» og kyrkjeverjene tar med seg stabane til samtalar og fellesskap. Denne gongen treng vi det særleg! Vi gler oss! Til å sjå kvarandre og til å dele tid, tanke, tru og måltid. Det blir kjekt!

 

Smittevern

Alle som kjem til stiftsdagane lyt sjølv ta ansvar for eiga helse. Føler du at du treng å teste deg før du kjem, så oppmodar vi deg til det! Kjenner du deg sjuk eller har symptom, så er regelen som elles i samfunnet i denne tida at du bør halde deg heime.

Vi praktiserer 1-meters-regelen under stiftsdagane. Det vil seie at alle blir innkvartert på einerom, som ikkje høyrer naturleg til kvarandre i same kohort. Vi praktiserer 1-meters-reglen i restaurant og i møtesalar. Føler du at avstanden blir under 1 meter, utstyr deg med munnbind. Ta med deg dei du treng, i tillegg vil vi ha nokre tilgjengelege under arrangementet.

Vi gler oss stort over å kome saman, og skulle så gjerne sitje tett med kvarandre. Vi lyt berre halde ut litt til! Og heller nyte synet av kvarandre og dele gleda over å lytte og samtale med kvarandre!

 

Velkommen til trygge stiftsdagar!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"